Hopp til innhold

- Eg var temmeleg redd

Knut Bjørnar Stensli frå Skreia måtte reddast ut av uvêr på Mjøsa.

Knut Bjørnar Stensli

Knut Bjørnar Stensli måtte få hjelp frå redningskøyta Rauna for å redde seg ut av uvêret på Mjøsa.

Foto: Bjørn Anders Sørli / NRK

Det var natt til sundag at Stensli var ute på ein av sine mange fisketurar på Mjøsa. Etter ei stund møtte han eit uvêr som han aldri har sett makan til.

- Eg vart overraska av vinden, og det var svært kraftige bølgjer. Det var heilt svart med kvite toppar på bølgjene.

- Gjekk heldigvis bra

Fiskebåt

Det var denne båten Stensli brukte da han vart overraska av uvèr.

Foto: Bjørn Anders Sørli / NRK

Båten dansa på toppane, og Stensli innrømmer at han var svært redd for kva som kunne skje.

- Eg var temmeleg redd ei stund, og lurte på korleis dette skulle gå.

Han skjønte fort at han trengde hjelp for å kome seg ut av knipa.

- Eg ringde til politiet, og dei sette meg vidare til redningsskøyta på Gjøvik. Dei kom etter eit kvarter og henta meg, så det gjekk heldigvis bra, seier han.

Video nsps_upload_2009_5_11_18_33_6_461.jpeg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Aldri sett Mjøsa slik før

I etterkant av hendinga har Stensli fått skryt for måten han opptrådde på dei dramatiske timane midt ute på Mjøsa.

- Eg prøvde berre å halde meg så roleg som mogleg, og halde meg mot bølgjene for å unngå slagside.

Han er ofte ute på innsjøen for å lure Mjøsauren, men har aldri sett vêret oppføre seg slik før.

- Det var temmeleg overraskande og eg fekk meg ein støkk.

- Er du redd for å ta nye turar på Mjøsa?

- Nei, eg er ikkje det, men ein blir skeptisk. Eg vil ta ein ekstra kikk på vêret neste gong, men det blir fleire fisketurar, seier Knut Bjørnar Stensli.

Redningsskøyta Rauna

Redningsskøyta Rauna redda Knut Bjørnar Stensli ut av uvêret.

Foto: Redningsselskapet