Hopp til innhold

Har ikkje familiar til alle ungdommane som kjem

RINGEBU (NRK): Rundt 270 utvekslingselvar kjem dei neste vekene til Noreg, men utvekslingsorganisasjonane har enno ikkje greidd å skaffe ein plass å bu til mange av ungdommane.

Kirsten Luka Ronold åpner hjemmet sitt for utvekslingselever

TAR IMOT: Kirsten Luka Ronold opnar heimen sitt til ein utvekslingselev for femte gong i haust. Ho har tre vaksne ungar og bur aleine. Difor tykkjer ho det er fint å få ein ungdom i hus att.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK

– Du får venner for livet, frå heile verda, seier Kirsten Luka Ronold på Ringebu.

For femte gong skal ho ha ein utanlandsk vidaregåandeelev buande hjå seg eit skuleår. Tidlegare har ho hatt ungdom frå Tyskland, Sveits, Italia og Sardinia i hus. I løpet av skuleåret vert dei nærmast som eit familiemedlem.

Nå håper utvekslingsorganisasjonane at fleire vil gjere som Ronold.

270 elevar kjem til Noreg

Ifylgje Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) kom det 270 vidaregåandeelevar til Noreg på utveksling skuleåret 2015/2016. Talet har vore stabilt dei siste åra. Til samanlikning reiser over 2000 norske vidaregåande elevar på utveksling.

Nå er det berre litt over to veker til dei fleste utvekslingselevane kjem til landet, men mange manglar framleis ein stad å bu. Alle utvekslingsorganisasjonane NRK har vore i kontakt med har ennå ikkje skaffa familiar til alle ungdommane.

Kirsten Luka Ronold

ROMMET KLART: 20. august kjem ei tyrkisk jente og skal bu sjå Kirsten Luka Ronold. Allereie er soverommet rydda og klart.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK

Manglar vertsfamiliar

Kjersti Halvorsen, i Explorius Education fortel at dei manglar vertsfamiliar til rundt 20 prosent av elevane som kjem i år.

– Vi har større pågang i år enn vanleg, og difor har vi ein høgare del uplasserte elevar, forklarer ho, før ho legg til at dei er overbevist om at dei skal få alle elevane i hus når dei kjem 19. august.

Youth For Understanding tek imot 34 elevar 10. august. Før helga mangla dei framleis vertsfamilie til 8 elevar.

AFS Internasjonal Utveksling manglar ein heim til 28 elevar.

Byrjar å haste

– Det byrjar å haste litt, det er to veker til dei kjem og vi vil gjerne ha vertsfamiliane i god tid før, seier programassistent hjå AFS, Silje Berg Rødal.

Silje Berg Rødal i AFS

TA SJANSEN: Silje Berg Rødal i AFS utfordrar nå folk til å opne opp heimen sin. – Du får ein mykje meir spennande kvardag og eit minne for livet, seier ho.

Foto: Privat

Nå vender dei seg til kontaktnettet sitt, av tidlegare utvekslingselevar og vertsfamiliar, i håp om at dei kan spreie ordet.

– Vi ser det at det alltid løyser seg til slutt, og vi har tro på at det gjør det i år òg, seier programassistenten.

Dobbel glede

Og i det kvite huset på Ringebu er dei ikkje i tvil, ein utvekslingselev i heimen er berre positivt.

– Eg trur folk er litt redd. Dei trur kanskje det vert meir arbeid. Men det vert det ikkje, det er ei dobbel glede, seier Kirsten Luka Ronold.

Dotter hennar Kjersti Ronold, har sjølv vore utvekslingsstudent i Tyskland, og ho meiner det er mange som hadde passa som vertsfamilie.

– Dei må vere open og inkluderande slik at den som kjem ikkje føler seg som ein gjest i huset. Det vil verte slitsamt i eitt år, seier ho.

– Dei skal vere akkurat som ei dotter i huset, legg mor til.

Kirsten Irene Luka Ronold og Kjersti Ronold

GODE MINNER: Kirsten Luka Ronold og dottera Kjersti Ronold har heldt kontakten med utvekslingselevane. Då Kirsten fylte 60-år var dei sjølvskrivne gjester.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK