Hopp til innhold

Meld frå om levningar

Norge må informere tyske myndigheiter om soldatlevningane som er funne i Rondane. Det meiner jurist og folkerettsekspert Hanne Sofie Greve.

Rondane med Midtronden
Foto: Karianne Stordal / NRK

I helga kom det fram at restar etter to soldatar som omkom i ein flystyrt under andre verdskrigen, ligg synleg til ved Midtronden. Politiet vil ikkje hente levningane på grunn av rasfare i området.

Men Greve seier Norge er forplikta av reglar i folkeretten.

- Vi skal vise eit menneske respekt inn i døden og ut over døden. Vi skal kkje la levningar etter døde menneske liggje i terrenget, uansett om dei er norske eller utlendingar, seier Greve.

Krasja under krigen

Midtronden
Foto: Karianne Stordal / NRK

14 tyske nazioffiserar omkom da eit fly krasja i Midtronden seinhausten 1944. Etter krigen kom tyske militære for å setja ein minnestein og gravleggje dei kroppane som var funne.

På 1960-talet vart tre døde til henta ned og ført til ei krigsgrav i Trøndelag. For to år sidan vart politiet varsla om at levingane etter enda to personar hadde dukka opp, truleg etter eit ras. Men på desse to åra har ingenting skjedd.

Rasfare

Politiførstebetjent Arne Ingar Granlund ved lensmannskontoret i Dovre og Lesja seier at han som politimann ikkje vil risikere liv og helse for seg eller andre for å hente beinrestar frå krigen.

I samråd med politikammeret på Lillehammer har dei kome til at rasfaren er for stor. Granlund seier dei ikkje sjølve har oppsøkt staden, men at dei festar stor lit til forklaringar frå fotturistar.

Jurist Hanne Sofie Greve seier hun forstår frykten for ras, men at krigens folkerett pålegg Norge å forfølge saka.

- Det er naturleg at norske myndigheiter tar kontakt med tyske, og at dei saman kjem fram til kva som kan gjerast for å få henta levningane ut, seier ho.

Undersøkjer ansvaret

Politimeister i Gudbrandsdal politidistrikt, Einar Henriksen, seier han vil undersøkje kven som skal ta ansvar for soldatlevningane i Rondane. Han seier denne saka har ei etisk side, og at han vil sjå nærmare på den med det første.