Hopp til innhold

Kritisk til eigne partifeller

Karin Jansen frå Østre Toten SV er svært kritisk til at partiets eigne er negative til regjeringas politikk.

Kritisk til eigne partifeller

Karin Jansen seier ho er lei av at partiet framstår meir som ei sekt enn eit politisk parti. I helga er Oppland SV samla til årsmøte på Lillehammer. Ho ønskjer no at regjeringa må få arbeidsro frå sine eigene.

 

SV-nestor Dag Seierstad er usamd i dette, og meiner det er bra at partiet framleis har ein aktiv og kritisk debatt om regjeringas vedtek. Fleire i partiet har demonstrert mot regjeringas utanrikspolitikk, og avgjerda om å sende mannskap til Afghanistan har skapt debatt i partiet.

Ferske i regjering

Partileiar Kristin Halvorsen seier ho trur partiet er på rett veg, men at danninga av ei regjering har vore ei stor omskolering for heile partiet. I går var Finansministeren på ein snarvisitt då Oppland SV opna sitt årsmøte. Eit av tema ho kom innom var satsinga på kommunane.Ho kunne derimot ikkje love noko heilt konkret til Oppland.