(Illustrasjonsfoto)
Ni elevar ved Noroff-institutten på Lillehammer krev erstatning frå skulen.
Elevane kravde for over eitt og eit halv år sidan 23.000 kroner kvar for tapt undervisning ved privatskulen i Fakkelgården.
Administrerande direktør ved Noroff-instituttet, Finn H. Mathiesen, seier ifølgje Gudbrandsdølen Dagningen at han ikkje har noko forslag til løysing i saka.
Kritikken frå studentane går blant anna på at dei ikkje fekk vikar når lærararen var borte, samt rot rundt eksamensavviklinga.