Arne Anmarkrud i Aurdal sokneråd sa i protest frå seg jobben som klokkar og gudstenesteleiar i Aurdal kirke.
Årsaka er at prost Georg Espolin Johnson ikkje lenger skal ha fire timar kontorteneste i veka i Aurdal.
Konsekvensar
- Flyttinga svekkar prinsippet om at Aurdal kirke er hovudkyrkja i Nord-Aurdal, seier Anmarkrud til Oppland Arbeiderblad.
Anmarkrud meiner at dersom prosten flyttar kontoret frå Aurdal til Fagernes så betyr det at kyrkja tapar inntekter.
Anmarkrud, som er leiar i soknerådet, seier til Oppland Arbeiderblad at det er lagt ned fleire hundre dugnadstimar for å setje opp huset der prost Georg Espolin Johnson i dag har kontortid fire timar i veka.
Skuffa
Prosten ønskjer å halda hus på Fagernes for å vera nærare staben sin. Det forstår Arne Anmarkrud, men han meiner saka er altfor viktig.
- Dersom prosten flyttar må vi kanskje selje huset der han har hatt kontor, seier Anmarkrud.
Flyttesaka var nyleg oppe i fellesrådet for Nord Aurdal, som sa ja til flytting. Også biskopen har sagt ja til at prosten flyttar kontortimar frå Aurdal til Fagernes.
Og det vart Anmarkrud så skuffa over at han sa nei til å vera klokkar, gudstenesteleiar og til å vera med i konfirmasjonsundervisinga.
Han held fram som leiar i soknerådet.
Over 900 husstandar soknar til kyrkja i Aurdal.