For fyrste gong samarbeider Gjøvik Sentrum og kjøpesenteret CC om julegateopninga. Og dei er vel forlikte om at butikkane skal vera stengte denne dagen.
Berre kultur
Det blir ikkje noko kjøpepress når folk i Gjøvik samlar seg til førjulskos.
I år blir det berre kultur når julegatene skal opnast. Ordføraren tenner julegrana, og det blir godteposar, juletregang og teaterforestilling i kinoen.
- Tidlegare har vi sagt at dette er ein stor handledag, men det går vi bort frå i år, seier senterleiar Kjetil Nordheim på kjøpesenteret CC.
Romantisk
- Korleis kan handelsstanden støtte ei julegateopnig der butikkane er stengte?
- I det lange løp trur eg ikkje butikkane vil tape på å halde stengt, seier senterleiaren.
- Vi håpar at Gjøvik skal få eit godt rykte, og kanskje vinne julehandelen i mjøsregionen på sikt. Og litt gammaldags romantikk er det kanskje også, smilar Nordheim.