Ungguten Kjetil Jansrud har imponert i europacupen denne sesongen. Han har kjørt jamnt bra i både slalåm og storslalåm, leiar for tida europacupen i slalåm.
Til helga kjører 19 år gamle Kjetil Jansrud VM i Bormio.
Nå får han belønning for dei gode resultata.
Det 19 år gamle talentet er saman med Andreas Nilsen tatt ut på det norske alpinlaget til Verdsmeisterskapet i Bormio. Veteranane Hans Petter Buraas og Tom Stiansen vart derimot vraka.
Ei ære!
- Dette var ei gledeleg overrasking! Eigentleg er ikkje VM så viktig for meg, men det er artig å bli tatt ut, og ei ære å få kjøre i VM, seier Kjetil Jansrud.
Vinstraguten har sett seg beskjedne mål for VM.
- Eg har ikkje tenkt så mykje på ambisjonar. Eg er nøgd dersom eg får ei plassering eg sjøl er nøgd med, for å si det slik. Men håpet er å vera blant dei 15 beste.
Forventar ikkje topp-plassering
- Vi forventar ikkje at Kjetil skal gå heilt til topps, men håpar at han vil gjera det bra. Samtidig er dette ei sjanse for han til å få rutine før OL til neste år og VM om to år, seier alpinsjef Per Lund til VG Nett.
AlpinVM startar laurdag.
Her er heile det norske herrelaget til VM i alpint:
Kjetil Andre Aamodt, Truls Ove Karlsen, Lasse Kjus, Kjetil
Jansrud, Andreas Nilsen, Aksel Lund Svindal og Bjarne Solbakken.