Ingar Sletten Kolloen(Foto: NRK)
Torsdag vart Brageprisen delt ut i Oslo. To lillehamringar var nominert, men båe måtte gå tomhendte heim.
Ingar Sletten Kolloen var nominert i kateogorien faglitteratur. Men konkurransa var hard, og Tor Bomann-Larsen stakk av med prisen for boka "Folket. Haakon & Maud II".
Jonny Halberg
Heller ikkje Jonny Halberg frå Lillehammer fekk nokon pris for boka si "Gå til fjellet". Brageprisen i klassa skjønnlitteratur for vaksne vart vunne av Hanne Ørstavik med boka "Presten".
Brageprisen blir delt ut av stiftinga Den norske Bokprisen.