Flagstadmuseet heidrar Nordmo Løvberg

I januar døydde Aase Nordmo Løvberg i Lillehammer, 89 år gammel. No blir ho heidra med ein eigen utstilling på Kirsten Flagstadmuseet i Hamar.

I januar døde Aase Nordmo Løvberg i Lillehammer, 89 år gammel. Nå blir hun hedret med en egen utstilling på Kirsten Flagstadmuseet i Hamar. Hun blir også den første operasangeren som får plass i museets nye Hall of Fame.

Flagstadmuseet heidrar Aase Nordmo Løvberg.

I tillegg til ein utstilling med bilete, kjolar, plakatar og brev, så blir Aase Nordmo Løvberg òg den første operasongaren som får plass i museet sin nye Hall of Fame.

Plakat, Aase Nordmo Løvberg
Foto: Knut Røsrud / NRK

– Sjå her då, debutkonsert, tredje konsert, det var en stor suksess, seier Bjørn Simensen som er leiar på Kirsten Flagstadmuseet, og peikar på ein plakat som heng på veggen.

Bjørn Simensen

Bjørn Simensen fortel at Nordmo Løvberg var ei stor internasjonal songerinne.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Debuterte som 23-åring

23 år gamal var Åase Nordmo Løvberg då ho i 1948 debuterte med eit brak. Det var klare mål for jenta som vaks opp i Målselv og hadde slekt frå Tynset. I 1940 fekk foreldra hennar eit klart råd.

– Dykk må aldri la denne jenta gå her på Nordmo, ho må ut og lære og synge, siterer Ragnhild Nyhus som òg er leiar ved Kirsten Flagstadmuseet.

Tatt inn i varmen av Kirsten Flagstad

I 1960 signerte operasjef Kirsten Flagstad kontrakt med Aase Nordmo Løvberg, og Flagstad var godt nøgd med å ha fått ein av Noreg sine største operadivaer i sin stall.

– Kirsten Flagstad var veldig godt nøgd med kven ho fekk tak i der, og Åase Nordmo Løvberg var hjertelig godt nøgd ho òg, to gode vener, seier Ragnhild Nyhus og viser fram eit bilete av dei to.

Brev til Aase Nordmo Løvberg

Brev frå Kong Olav.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Nordmo Løvberg stod nær kongehuset og song blant anna i Kong Olav sin 75-årsdag i 1978. Ho song òg i bryllaupa til Astrid, Ragnhild og Harald, og eit brev frå Kong Olav viser at han satte stor pris på operasongaren:

"Jeg vil gjerne få sende dem en hjertelig takk for at de med deres sang bidro til å gjøre vielsesseremonien ved min datter, Prinsesse Astrids, brullyp i Asker kirke så gripende vakker."

– Eg vil kalle Åase Nordmo Løvberg nærast ei hoffsangerinne, fortel Ragnhild Nyhus.

Var elska av det norske folk

– Aase Nordmo Løvberg song på metropolitan, i Wien, ho var ei stor internasjonal songerinne, men samtidig var ho noko som er vel så viktig, ho var elska av det norske folk, fortel Bjørn Simensen og legg til at det nesten ikkje er eit bedehus eller ei kyrkje i Noreg som ikkje har hatt besøk av songaren.

At det blei ho som var først ute når Kirsten Flagstad opna sitt hus for andre utøvarar er heilt naturlig.

– Kirsten Flagstad er generøs og opnar eit rom i sitt hjem for Åaase Nordmo Løvberg og for sine kollegaer. Dette er ein del av den norske kulturarven som me meinar me fortener å ta vare på, seier Bjørn Simensen.