Hopp til innhold

Hamar stadion solgt

Selskapet Sentrumsgården AS har kjøpt og skal byggje ut Hamar stadion med kjøpesenter. Utbyggingsplanane har vore møtt med kritikk frå fleire hald. 

Nye Hamar stadion

Slik kan næringsbygget på tomta der Hamar stadion i dag står se ut i 2010.

Bak selskapet Sentrumsgården står CC Mart'n Eiendom og Olrud-gruppen AS. Kjøpesummen er på 320 millionar kroner.

Det er planlagt å byggje ut 80 000 kvadratmeter på den gamle og ærverdige stadion. 30 000 kvadratmeter skal bli kjøpesenter, resten skal vera bustadar og  næringsformål.

Saka skal behandlast politisk i Hamar kommune i oktober.

Kritisk til planane

Handelsstanden i Hamar sentrum har vore kritisk til

Nye Hamar stadion

byggingsplanane. Dei meiner det planlagte kjøpesenteret vil øydeleggje handelen i sentrum, og også for det nåverande kjøpesenteret Maxi.

Ein del av utbygginga inneber ei høgblokk, og mange meiner det vil øydeleggje bybildet.

Utbyggjar Eivind Olrud i Olrudgruppa seier han har forståing for skepsisen.

- Utbygginga av Hamar stadion vil skape utfordringar for handelsstanden i sentrum, seier han.

Politisk behandling

Politikarane i Hamar er splitta i synet på utbygginga. Ordførar i Hamar, Einar Busterud, har sagt at det er nødvendig å seia ja til kjøpesenter på Hamar stadion, for å få nok betalt for tomta. Han meiner Hamar Sportsanlegg og kommunen er avhengig av å få mest mogleg pengar for gamle Hamar stadion for å finansiere nye Briskeby og nytt idrettsanlegg på Børstad.

Saka skal behandlast politisk i oktober. Sjølv om fleire politikarar er skeptiske, er det venta at dei seier ja. 

Sentrumsgården håper at til julehandelen 2010 skal 80 000 kvadratmeter stå klare, der 30 000 av dei er kjøpesenter.