Les meir om våpentjuveriet på Jørstadmoen militærleir i Lillehammer
Måndag starta dei arbeidet sitt, medlemmane i den militære undersøkelseskommisjonen som skal sjå på kva som skjedde rundt våpentjuveriet på Jørstadmoen i Lillehammer.
Kommisjonen er sett ned av general Kjell Grandhagen, og måndag kom leiar for kommisjonen, Vidar Gade, og dei tre andre kommisjonsmedlemmane Jørstadmoen militærleir.
Ser på tips
Våpna kan framleis vera i Norge.
- Politiet har så langt ikkje starta noko samarbeid med svensk politi for å finne dei 123 våpna, seier politiadvokat Lars Ringvik ved Lillehammer politistasjon.
Politiet i Lillehammer har sikra seg fleire tekniske spor som dei håpar kan bidra til å oppklare våpentjuveriet frå Jørstadmoen natt til torsdag førre veke.
Politiet har fått inn rundt 50 tips i saka, og jobbar nå med å gå gjennom og setje tipsa inn i ein samanheng.
Kan ha DNA-spor
Politiet på Lillehammer har sikra seg det som kan vera DNA-spor.
- Ulike gjenstandar vart funne i området rundt den forlatte kassevogna som vart brukt til transporten av våpna, seier politiadvokat Lars Ringvik.
Gjenstandane som er funne er blant anna eit brannslukningsapparat. Spora er nå sendt til analyse hjå Kripos og på rettsmedisinsk institutt, og Ringvik håpar på eit svar i løpet av neste veke.
Etterforskar video
Det har vore ei tøff tid, både for tilsette og soldatar i Jørstadmoen militærleir. Fyrste sjokk var tjuveriet av 123 våpen, stort sett AG3-gevær, natt til torsdag, og sist; videoen av tidlegare soldatar som leikte med våpen og urinerte i vaktbua inn til leiren.
Trass i tøffe dagar, fortel hovudtillitsvald for soldatane på Jørstadmoen, Tinius Johansen, om ei beherska stemning i leiren.
- Det er heilt feil å koble den to år gamle videoen opp mot spørsmålet rundt sikkerheit og vakthald i leiren, seier Johansen.
Forsvarsstaben har sett i verk etterforskning av soldatvideoen, som i dag vart levert til militærpolitiet og generaladvokaten for vurdering