Onsdag bakar Engers Lefsebakeri på Gjøvik nærare 60.000 glutenfrie lomper.
Bakeaksjonen er eit samarbeid med Cøliakiforeninga.
Populært tilbod
- Vi baka 15 000 glutenfrie lomper i februar, og dei vart selde utan at vi annonserte, seier Ragnar Enger i Engers Lefsebakeri.
Ein halv prosent av befolkninga er allergiske mot gluten, og lompene er baka spesielt for dei.
- Vi har kome over ei mjøltype som dei som ikkje tåler gluten kan eta, opplyser Enger.
Ikkje heilt perfekte
Lompene som er laga av det glutenfrie mjølet blir ikkje perfekte, men dei er full etande, seier Enger.
Lefsebakeriet vil setje av dagar til baking av glutenfrie lomper eit par gonger i året.
Denne gongen har dei annonsert lompesalet, og dei som ikkje kjøper bakverket ferskt i dag eller i morgon, får tilbod om frosne lomper.