NRK Meny
Normal

Gjenopnar uoppklara dødsfall

Politiet intensiverer undersøkingane rundt dødsfallet til ei kvinne i Elverum i januar. Hennar tidlegare ektemann vart i går sikta og varetektsfengsla for trippelvaldtekt.

Henning Klauseie

VENTAR PÅ OBDUKSJONSRAPPORT: Politiadvokat Henning Klauseie seier politiet ventar på ein endeleg obduksjonsrapport av kvinna.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Mannen skal ha filma to av valdtektene.

Den eine filmen er av hans no avdøde kone.

Ho døydde i januar av ei førebels ukjent årsak.

Kan stå bak fleire valdtekter

Politiadvokat Henning Klauseie bekreftar overfor fleire aviser at dei ventar på ein endeleg obduksjonsrapport.

Politiet har mistanke om at mannen kan stå bak fleire valdtekter og ber eventuelle ofre om å melde seg.

Den sikta mannen nektar straffeskuld.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang