Hopp til innhold

Brann på herskapeleg gard i Østre Toten

Hovudhuset på øvre Sukkestad gard på Lena fekk store skader i ein brann fredag. Brannvesenet jobbar nå med ettersløkking på staden.

Brann Østre Toten

Hovudhuset på øvre Sukkestad stod i full fyr fredag formiddag.

Foto: Jon Harald Gjesdal

– Vi fekk melding om brannen klokka 12.10 i dag og det brenn i andre etasje. Det er også fare for at det skal spreie seg mot loftsetasjen, seier operasjonsleiar Pål Andersen i Vestoppland politidistrikt.

Brannmannskap frå Østre Toten og Gjøvik har nå kontroll over brannen, og jobba klokka 15 med ettersløkking.

Mykje gamle ting

Familien som bur i huset var ikkje heime da brannen starta, og det var heller ikkje andre i huset.

Øvre Sukkestad er ein historisk og herskapeleg gard som ligg eit stykke ovanfor Lena sentrum. Den er mellom anna kjent fordi Marie Wexelsen, som skreiv "Jeg er så glad hver julekveld", budde på garden.

Ifølgje brannvesenet har dei klart å redde ut mange gamle ting frå hovudhuset, men mange bilete skal ha gått tapt.

Årsaka til brannen er foreløpig uviss, og ifølgje politiet var det inga fare for at den skal spreie seg til andre hus på garden.

– Brannvesenet har nå kontroll over brannen, sa operasjonsleiar Andersen til nrk.no klokka 13.45.

Brann Østre Toten

Brannmannskap frå Østre Toten og Gjøvik jobba fredag med å få kontroll over brannen.

Foto: Jon Harald Gjesdal