- Det blir ei ny epoke for meg, og ei stor utfordring. Dessutan er det ein milepæl for distriktet, spesielt for oss kvinner, seier den nyutnemnte lensmannen.
48 år gamle Tove Tøfte Kjøbli er tilsett som lensmann i Nordre Land. Frå før har Tolga Os og Kongsvinger i Hedmark kvinnelege lensmenn.
28 år i politiet
I dag jobbar Tove Tøfte Kjøbli ved lensmannskontoret i Nord-Aurdal, der ho har vore tilsett dei siste 11 åra.
Ho har ei fartstid på heile 28 år i etaten. På nyåret er ho på plass i Nordre Land, og det at ho er einaste kvinne i lensmannskollegiet i Oppland, uroar ho ikkje.
- Heile tenestetida mi har eg vore åleine som kvinne på tenestestaden, så det er eg van med. Dessutan trivst eg når eg jobbar saman med menn, seier Tove Tøfte Kjøbli.
Ho skal halde fram å bu i Nord-Aurdal. Der er ho både fembarnsmor og gardkjerring. Kvar dag skal ho pendle ein
time til og frå Dokka.
Godt arbeidsmiljø
Tøfte Kjøbli meiner det ikkje er nokon dramatikk i at det ikkje er andre kvinnelege lensmenn i fylket frå før.
- Det har berre vore få kvinnelege søkjarar til slike stillingar til nå, seier ho.
Ho er opptatt av at det skal vera godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen.
- Og det veit eg at det er på Dokka. Godt arbeidsmiljø betyr effektivitet, seier ho.
Den fyrste ho har tenkt å gjera når ho set seg i sjefsstolen på nyåret, er å eta ei god kake, og bli betre kjent med dei som jobbar ved kontoret.