Denne veka vart det kjent at EU vurderer eit direktiv som i praksis betyr forbod mot å bruke tretjære for å verne treverk.
Dersom det såkalla biocid-direktivet skulle bli vedtatt utan forbehold, kan det i følgje Riksantikvaren få store konsekvenser for vern av stavkyrkjer.
- Store konsekvensar
Torsdag ettermiddag var delar av Stortinget sin energi- og miljøkomité på tur i Valdres. Der fikk dei blant anna innsyn i kva som må til for å ta vare på Lomen stavkyrkje i Vestre Slidre for framtida.
Inger S. Enger frå Senterpartiet i Oppland sit i Stortinget sin energi- og miljøkomite. Ho, og komiteen sin leiar, Bror Yngve Rahm frå Kristelig Folkeparti i Telemark er heilt einige når det gjeld synet på EU sine planar om å forby tretjære for å verne treverk.
Inger S. Enger meiner heile saka vitnar om kunnskapsløyse i Brüssel.
Eit forbod kan få store konsekvensar for vern av dei 28 norske stavkyrkjene.
Eivind Brenna (ordførar Vestre Slidre), Inger S. Enger (Sp), Bror Yngve Rahm (KrF) og Ellen Devold (Riksantikvaren). (Foto: Jan Erik Helleren/NRK)
Miljøkrav
Det varsla forbodet kjem som ei følgje av at industrien i EU ønskjer standariserte miljøkrav til produkt som skal brukast til å verne treverk.
I Valdres fekk stortingspolitikarane høyre om forsøk med ekstra tjærebreing for å redde ein av portalane i Lomen stavkyrkje i Vestre Slidre frå å bli øydelagt.
- Må finne løysing
Lomen stavkyrkje har tent folket i bygda sidan slutten av 1100-tallet.
- Om EU skulle få gjennom forbodet mot tretjære vil Lomen stavkyrkje, og dei andre stavkyrkjene, raskt bli øydelagt, fortel representant for Riksantikvaren, Ellen Devold.
Leiar i energi- og kulturkomiteen, Bror Yngve Rahm, meiner saka må løysast på ein eller annan måte.