NRK Meny
Normal

Flørt og intriger på Gjøvik Gård

I morgon er det urpremiere på Gjøvik Gård. Da får publikum sjå det historiske spelet om glasverk-familien Kauffeldt.

Historisk spel på Gjøvik Gård
Foto: Jorun Vang / NRK

Heile spelet foregår ute framfor hovudbygningen på Gjøvik Gård. Om lag 100 aktørar er i sving i teaterframsyninga, som fortel korleis Gjøvik by vart til.

Manusforfattar Bjørn Rognstad håper at gjøvikensarane på denne måten skal bli kjent med byhistoria.

Håper på finver

Dette første historiske spelet om korleis Gjøvik by vart til, har altså premiere på sjølvaste 17.mai. Og sidan det heile foregår utandørs, håper aktørane på finver.

Også profesjonelle skodespelarar er med. Harald Heide Steen kjem rett frå Peer Gynt-framsyning i New York til utescena på Gjøvik Gård.

Lære historie

Stykket handlar om familien Kauffeldt på Gjøvik glassverk i året 1812. Vi følgjer familien i nesten 50 år, og publikum får på den måten eit innblikk i korleis byen vart til.

Det er gjøvikensaren Bjørn Rognstad som fekk ideen til stykket og som har skrive det. Spelet er resultat av lang tids arbeid. Nå håper Rognstad folk vil lære om historia.

Framsyninga blir spelt til og med søndag.