Hopp til innhold

Flere jenter enn før på The Gathering

Rundt dei provisoriske treborda i Vikingskipet er det nesten berre gutar. Nå tek arrangøren grep for å få med fleire jenter på datamessa The Gathering.

Frøya Viridian

SJEF: Frøya Viridian leder konkurranser og spillturneringer på TG, og vil ha med flere jenter på Norge største datatreff.

Foto: Anne Næsheim / NRK

Sjølv om dei framleis er få, er det fleire jenter enn tidlegare i storstova på Hamar. I løpet av dei fem siste åra har delen jenter auka frå 7 til 12 prosent. At det ikkje er fleire, skuldast fordommar, seier Frøya Viridian.

– Eg trur mange har kjent på at gaming og datakultur er eit guteområde.

Frøya har alltid vore interessert i spel og gaming heile livet, og deltok på The Gathering fyrste gong som 15-åring. I dag er ho 21 år og ein del av crewet og er med på rekruttere fleire jenter til treffet.

– Mange tenkjer at det ikkje er så mange av oss jenter som kan dataprogrammering, men vi kan det, og det er mange av oss, seier Viridian.

Ønskjer fleire jenter

Nå jobbar arrangørane for å lokke til seg fleire jenter, mellom anna ved aktivitetar som spelar meir på jenters interesser, seier pressekontakt Hoa Binh Ngnyeh.

Hoa Binh Ngnyeh

Arrangørane av datatreffet The Gathering, tek no grep for å få jentene til å føle seg heime i miljøet.

Foto: Anne Næsheim / NRK

– Det er mest for å representere mangfaldet av dei som driv med digital kultur.

Sjølv om det er nesten berre gutar som deltek i Vikingskipet, ser arrangørane at det skjer ting i miljøet. Fleire jenter gjer seg no gjeldande på sosiale medium gjennom blogging, Youtube og streaming, og fleire jenter entrar no scena innan e-sport.

– Vi ser at det er fleire som kjem på bana i dei kanalane, seier Hoa Binh Ngnyeh.

Vil få jenter til å kjenne seg heime.

Youtube-stjerna Amalie Tandberg har 120 000 fylgjarar, og i lag med veninna Mathilde Bakken til TG på Hamar for å gjera det lettare for jenter å finne sin plass i det gutedominerte datamiljøet.

The Gathering

Rekordmange har møtt opp til årets datatreff i storstova på Hamar.

Foto: Audun Kristiansen / NRK

– TG og andre internasjonale LAN har vore fokusert på at dei er ein større versjon av guterommet, og da har jenter kanskje kjent seg litt utilpass.

Amalie og Mathilde vil denne påska vera til stades på The Gathering for å snakke med jenter for å høyre kva som må til for at dei skal kjenne seg heime i miljøet.

– Målet er at jenter skal kunne reise på eit slik arrangement utan å føle at dei må forklare at dette er ein "guteting", seier Amalie Tandberg.