NRK Meny
Normal

Fleire unge slit

Stadig fleire ungdommer slit psykisk og treng hjelp til å klare skolekvardagen.

fleire unge slit psykisk

Christian Hagen, Siri Bredesen saman med rådgjevar Harriet Dahl

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Både i Hedmark og Oppland har talet på ungdommar med psykiske lidingar auka dramatisk. Enkelte stader er talet meir enn fordobla dei siste fem åra.

Stort press

- Det er stort press og mange forventningar til dei unge, seier Siri Bredesen, elevrådsleiar ved Sentrum videregående skole i Kongsvinger. Ho kjenner fleire som slit psykisk.

- Vi får høyre at vi skal leva som ungdom, samtidig som vi skal ta utdanning og gjera det godt på skolen, seier ho.

Bruker meir tid

Helsesøster Harriet Dahl merkar også at stadig fleire treng hjelp. Helsesøstrene bruker meir tid på samtaler med unge med små og store problem som gjør at dei får angst og depresjonar.

- Eg bruker mykje av tida som rådgjevar til sosialpedagogisk arbeid i forhold til ungdommen, seier Dahl.

Treng meir pengar

Dermed blir også behovet for pengar til spesialundervisning stadig større. Det blir stadfesta i fylkeskommunane både i Hedmark og Oppland.

- Det vi ser er at denne gruppa får ein stadig større del av potten, seier fylkessjef for vidaregåande opplæring i Hedmark, Tore Gregersen. - Utfordringa for oss økonomisk blir å klare å ha nok ressursar også til denne delen av arbeidet i skolen.

Ikkje verre enn før

Mange av dei som treng tiltak på vidaregåande, er elevar som har klart seg fint på ungdomsskolen. Vanlege problem er anoreksi, sosial angst og depresjonar.

Men Regi Ring ved barne- og ungdomspsykatriske poliklinikk i Kongsvinger trur ikkje at det er fleire som har problem i dag samanlikna med tidlegare.

- Eg trur heller at problemet er forandra, seier han. - I dag veit dei unge at det er hjelp å få, og dei veit kvar hjelpa finst.

Opptrappingsplanen for psykisk helse kan også ha noko å seia for at alle barne- og ungdomspsykatriske poliklinikkane i Hedmark og Oppland har hatt stor auke. Ring trur at vi i framtida vil nyte godt av at fleire nå får hjelp.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Lillehammer-Stavanger 5-4

    I 22. serierunde har Lillehammer Ishockeyklubb har slått Stavanger Oilers 5-4 på hjemmebane.

    Lillehammer Ishockeyklubb, Stavanger Oilers
    Foto: Stein Schinstad / NRK
  • Thoresen tilbake til Russland

    Ishockeyspiller Patrick Thoresen drar tilbake til Russland for å spille resten av sesongen for sin gamle klubb SKA St. Petersburg. Han har vært tilbake i Storhamar bare et halvt år, men ifølge kontrakten kan han forlate klubben fra 1. desember.

    Patrick Thoresen
    Foto: Morten Stenberg / NRK
  • Vestre Toten savner maskinskatten

    Industrikommunene beklager at budsjettforliket nå fører til at maskinskatten forsvinner. For Vestre Toten kommune innebærer det et årlig inntektstap på nær fem millioner kroner. Men - for Nammo-konsernet betyr det lavere utgifter og nyinvesteringer.

    Flagg og logo for Nammo på Raufoss
    Foto: Arne Sørnes / NRK