Fleire tre i vegbana.

Politiet melder om at fleire tre har blåse ned og ligg i vegbana. Mellom anna i Hunderfossvegen på Fåberg ligg fleire tre i vegen. Det same har skjedd i Musdalsvegen på Tretten og på fylkesveg 664 ved Hanestad. Vegvesenet er varsla og vegen vil bli rydda. På fylkesveg 36 på Gran har eit tre blåse ned og tatt med seg ei strømledning. Vegen er heilt stengt på staden. Hadeland Energi er varsla og brannvesenet er i ferd med å rydde opp.