Hopp til innhold

Fire års fengsel for hasjsmugling

Ein 22 år gammal mann frå Lillehammer smugla 170 kilo hasj inn i landet. Nå er han dømt til fire års fengsel, men må sone berre to av dei.

170 kilo hasj beslaglagt av Tollvesenet

Beslaget av 170 kilo hasj hausten 2007 var det største hasjbeslaget i Hedmark nokon gong.

Foto: Tollvesenet

Det var i 2007 at 22-åringen vart stoppa ved Svullrya i Grue med bilen stappfull av hasj. Han var leigd inn for å frakte hasjen inn i landet, men kom altså ikkje lenger enn til svenskegrensa.

I Oslo tingrett vart han dømt til i alt fire års fengsel, men halvparten av fengselsstraffa er gjort betinga, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Fem andre personar er også dømt i saka, den påståtte hovudmannen er dømt til 11 års fengsel.

Ottamann framleis på rømmen

Ein 41 år gammal mann frå Otta er også sikta i saka, men han er framleis på frifot.

Han er også sikta for å vere hovudmannen bak eit brutalt ran på Otta i 2008. Ein bedriftseigar, sambuaren hans og hennar dotter vart teke som gissel, truga og rana.

Det var truleg to austeuropearar som utførte ranet, men 41-åringen frå Otta skal vere hjernen bak.

Han rømte truleg frå landet etter ranet, og politiet trur han er i Thailand.

Flere saker fra Innlandet