Avisa Nationen skriv om saka i dag. I september i fjor oppdaga kontrollørane kva som hadde skjedd.
I og med at lamma konsekvent vart bedømt for strengt, vart utbetalinga til gardbrukarane deretter.
Skjedde på nytt
Men sjølv om dei gjorde feil i fjor, så gjorde Gilde Hed-Opp den same tabba i haust.
For i to veker i september vart 27.000 lam klassifisert for strengt.
Årsaka var at klassifisørane ikkje var merksam på retningslinene dei hadde fått i fjor.
Får 200.000
Informasjonssjef Sissel Norevik på Gilde Hed-Opp seier seg lei for det som har skjedd.
- Hed-Opp vil etterbetale 205.000 kroner i kompensasjon til dei leverandørane som fekk lamma sine klassifisert for strengt, seier Norevik til Nationen.