Det var tidlegare i sommar det vart oppdaga at det utgamle uthuset på Flisa i Åsnes stamma frå 1300-talet.
Tidlegare har det vore funne åtte tømmerhus frå før 1650 i Hedmark, men ingen av desse var frå middelalderen.
Findalshogg
Det var Jan Michael Stornes frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) som fann den gamle låven.
- Eg skjønte at bygningen var frå før 1350 da eg sjekka lafteteknikken. Den viste at det var brukt såkalla "findalshogg", ein teknikk som ikkje er kjent brukt etter svartedauden, seier Stornes.
Han meiner at det berre er funne to låvar frå før 1350 i Noreg tidlegare, og at desse ligg i Valle i Setesdal.
- Utruleg spanande
- For oss i Hedmark er hus frå 1600-talet sjeldan. Derfor er det spanande at det er funne ei bygning som er fleire hundre år eldre enn dette, seier antikvar Jorunn Gunnestad i Hedmark fylkeskommune.
Ho seier at dei nå skal teikne og måle opp den gamle låven, for å dokumentere teknikken som er brukt.
- Dette kan setje bygningsarven vår i eit nytt ljos, både fagleg og i folks medvit, seier Gunnestad.