NRK Meny
Normal

Er dette den dyraste hyttetomta i Noreg?

SJUSJØEN (NRK): Påskeaftan vart fire hyttetomter på Sjusjøen i Ringsaker lagt ut for sal. No er ein av dei seld til 3,2 millionar kroner.

Jan Tore Hemma, hyttetomt

NØGD: Jan Tore Hemma trur folk er villige til å betale mykje for tomtene på Sjusjøen.

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Dette er fantastiske tomter, og eg er sikker på at det er mange i Noreg som vil betale nokre kroner for dette, seier Jan Tore Hemma.

Han er styrar i Brøttum Almenning som til saman skal selje 107 hyttetomter i Birkebeinarbakken Panorama på Sjusjøen. Hemma såg at tomtene vart veldig populære og valde å sette opp prisen.

Tett på naboane

Dei over hundre hyttene ligg tett i tett like ved Birkebeinarløypa. Hyttene blir nære kvarandre, men Hemma trur ikkje det har noko å seie for kundane.

Hytter tett i tett

TETT: I dette hyttefeltet er det heile 107 hytter. Mange av dei er allereie seld.

Foto: b-a.no

– Det er tettare mange andre stader. Vi vil utnytte fjellområdet bra i staden for å bygge hyttene innover i vidda. Det er betre å samle dei her slik at vi får større friareal, seier han.

Og ein av naboane til hytteeigarane på Sjusjøen blir skiløparen Martin Johnsrud Sundby. Brøttum Almenning reklamerer med at Sundby valte å bygge hytta si på Sjusjøen, men Hemma veit ikkje naboskapet til skiløparen påverkar folk til å betale så mykje for tomtene.

– Men det er ikkje tilfeldig at han valte å ha hytta si her. Vi har fine skiløyper, det er snøsikkert og vi har ei fantastisk utsikt her, seier Hemma.

Dyraste hyttetomt?

DYRAST?: Det finst ingen god oversikt over prisane på hyttetomter. Kanskje er dette ein av dei dyraste ein kan få i Noreg?

Foto: Ruth Barsten / NRK

Barnefamiliar med god økonomi

Hovudgruppa av kundar som kjøper desse tomtene er aktive familiar med god økonomi som likar seg både i skisporet og på sykkelsetet. Men Hemma seier dei ønsker seg alle slags kundar. Pengane frå sala står på konto og overskotet på forrentinga går blant anna til bøndene i bygda.

– Dei som bygger seg hytte her sørger for byggeaktivitet og arbeidsplassar på Sjusjøen. Og dei sørger for at mange vel å satse på gardsbruka sine i staden for å legge ned, seier Hemma.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Ministeren legger ikke føringer

    Kommunalminister Jan Tore Sanner ønsker ikke å legge føringer for hvordan arbeidsplasser og funksjoner fordeles i Hedmark og Oppland når de to fylkene slås sammen. Forhandlingsutvalgene var i dag i møte med ministeren. – Ingen tvil om at vi har mange vanskelige oppgaver foran oss. Det vanskeligste er å fordele arbeidsplasser, sier fylkesråd i Hedmark, Aasa Gjestvang.

    En delegasjon fra Hedmark og Oppland på besøk hos kommunalminister Jan Tore Sanne
    Foto: Stein S. Schinstad / NRK
  • Palestinere mot Trump i Gjøvik

    Omlag 50 personer deltok i en markering i Gjøvik torsdag kveld mot Donald Trumps anerkjennelse av Jerusalem som Israels hovedstad. Palestinakomiteen i Oppland sto bak demonstrasjonen. De mener den norske regjeringa må gripe inn i fredsprosessen i området.

    Palestinademonstrasjon Gjøvik
    Foto: Mohammad Alkordi
  • Tre til sjekk etter trafikkulykke

    Tre personer er sendt til legevakt for en sjekk etter et trafikkuhell Moelv sentrum i ettermiddag. To biler var involvert i uhellet og trafikken dirigeres forbi stedet.