NRK Meny
Normal

Endeleg Birken utan gjørme?

Birkebeinerrittet har dei siste åra vore prega av grus, gjørme, naglesprett og sauelort. Nå ser det ut som om ryttarane kan håpe på ein regnfri tur over fjellet. Men bakom trugar skyene ...

Birkebeinerrittet 2010

GJØRMETE VEG: Mange har rulla seg i gjørme i Birkebeinerrittet dei siste åra.

Foto: Reidar Kjæstad/NRK

I 2009 var løypa så full av gjørme og møkk at kvar femte birkebeinar vart sjuk. Gjørma hadde rett og slett så mykje bakteriar frå dyreavføring i seg at folk vart liggjande med spysjuke og magesjau.

Heller ikkje dei siste åra har det mykje sol og reine fjes å sjå etter rittet, ei regnbye eller ti har vore fast deltakar.

Sjå vêrvarselet for Birkebeinerrittet

Birkebeinerrittet 2010
Foto: Reidar Kjæstad/NRK

Håpar på finvêr

Går ein inn på yr.no sitt langtidsvarsel kan det sjå ut som om det blir opphaldsvêr i år, for fyrste gong på svært lenge. Men heilt roseraudt er det ikkje, seier statsmeteorolog Aurora Stenmark.

– Det er dei nærmaste dagane som ser best ut, og det kan bli eit vêromslag fredag, med litt regn mot helga. Men det startar i sør, så kjem det an på kor fort det flyttar seg nordover. Litt vått kan det bli, trugar meteorologen.

Birkebeinerrittet 2010

Her frå Birkebeinerrittet 2010, da den siste bakken før mål rett og slett var eit gjørmebad.

Foto: Reidar Kjæstad/NRK

– Vi håpar på opphaldsvêr, det er trivelegare for alle når det er fint vêr, seier informasjonsansvarleg for birkebeinararrangementa, Ingunn Rønningen Kleven.

Dei siste åra har det vorte frakta mange kilo med gjørme over fjellet i klede, syklar og skjegg. Nå håpar ho at dei har litt flaks denne gongen.

– Vi følgjer ganske nøye med på vêrvarslinga om dagen, og det veit vi at også syklistane gjer.

Opphaldsvêr dei siste dagane før arrangementet vil uansett gjere sitt til at løypa vil halde godt etter at alle dei 23000 syklistane har kjempa seg over fjellet.

– Vi har hatt litt utfordringar i ballettbakken, der mykje av underlaget forsvann med flaumen tidlegare i sommar. Men det skal vi få fiksa og i orden. Det er også litt steinete i Djuposet, men dette er trass alt eit terrengritt.

Reportasje fra det tradisjonsrike terrengsykkelrittet mellom Rena og Lillehammer. Ved Dag Erik Pedersen.

Sjå Birkebeinerrittet 2013

Ingunn Rønningen Kleven ser berre eit lite minus ved at det ser ut til å bli brukbart vêr under årets Birkebeinerritt.

– Løparane er jo ekstra glade over å kome i mål når det er dårleg vêr og føre, men dei kosar seg nok meir undervegs når sola skin.

Lasse Kjus

Lasse Kjus er blant dei som har fått kjent smaken av gjørme på turen mellom Rena og Lillehammer. Her frå 2011.

Foto: Alexander Nordby / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND