NRK Meny
Normal

Dødsulykke i Skjåk

Ein mann omkom og ei jente er sendt med luftambulanse til sjukehuset i Førde etter ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Billingen i Skjåk natt til torsdag.

Trafikkulykke Billingen

Semitraileren, som var på veg vestover, køyrde av vegen. Sjåføren omkom.

Foto: LOM OG SKJÅK BRANNVESEN

Rett før klokka tre natt til torsdag vart politiet varsla om at det låg ein lastebil i grøfta ved Billingen i Skjåk. Naudetatane rykka ut til staden.

Køyrde av vegen

Ifylgje operasjonsleiar i Politiet Atle Bernhoft Von Obstfelder var det ein semitrailer på veg vestover, som hadde køyrt av vegen.

Trafikkulykke Billingen

Jenta vart frakta til Førde sjukehus, men skal ifylgje politiet ikkje vere alvorleg skadd.

Foto: Lom og Skjåk brannvesen

– Føraren er bekrefta omkomen og ei ung jente, som var passasjer i semitraileren, er floge med luftambulanse til Førde sjukehus, fortalde operasjonsleiaren torsdag morgon.

Kvart over åtte melder politiet på Twitter at jenta ikkje har noko alvorlege skadar.

Ifylgje politiet var det ingen vitne til ulykka.

Prøvar å ta vare på familien

Sjåføren var ein mann i 50 åra frå Sogn og Fjordane. Transportselskapet han jobba for, arbeider no med å få varsla dei tilsette.

– Nå prøver vi å ta vare på familien og dei tilsette så godt som mogleg, fortel ein representant for transportfirmaet.

Ulykke Billingen Skjåk

Statens vegvesen si ulykkesgruppe er på staden. Trafikken vert dirigert manuelt fram til dei er ferdige og vegen er rydda.

Foto: Terje Randen / Fjuken

Trafikken vert dirigert manuelt

Ulykka førar til redusert framkjømd på riksveg 15, og klokka 08.06 var det framleis manuell dirigering på staden, ifylgje Statens vegvesen.

– Det vil vere manuell dirigering på staden fram til ulykkesgruppa er ferdig med sine oppgåver og køyretøyet er teke hand om, seier operasjonsleiar Kjartan Våge.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde ved Billingen i Skjåk.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Blir 3. størst i landet

    Gausdal Bruvoll kjøper Gran Tre, og blir den tredje største leverandøren av trelast i Norge.Gran Tre eies av de to allmenningene Gran Almenning og Brandbu og Tingelstad Almenning, mens Gausdal Bruvoll er en samvirkebedrift som blir eid av 1300 skogeiere.

  • Kom til rette etter leteaksjon

    En 88 år gammel kvinne med demens tok seg en tur på egenhånd mandag ettermiddag og ble meldt savnet fra Lillehammer sykehus. Tre timer senere kom kvinnen til rette, melder politiet.

  • Brann i vogntog

    Det brenner i et vogntog på E6 ca. fem kilometer nord for Dombås. Nødetatene er på vei til stedet.