Hopp til innhold

Ein kritisk skadd i bilulykke

Ein bil med fem ungdommar køyrde av vegen på Skotterud i Eidskog sundag formiddag. Ein er alvorleg skadd.

Skotterud

Det var på fylkesveg 332 på Skotterud at bilen køyrde av vegen rundt klokka 12 sundag. Politiet har foreløpig svært få opplysningar om kva som er årsaka til ulykka.

– Vi veit at det var fem ungdommar i bilen, og fleire av desse skal ha skadar, blir det opplyst frå operasjonssentralen til politiet i Hedmark.

Alle dei fem i bilen er sendt til sjukehuset i Kongsvinger. Ein person er kritisk skadd, ein har brot i ein arm og dei andre blir beteikna som uskadde.

– Han som er kritisk skadd er no vaken og tilstanden stabil.

Flere saker fra Innlandet