Hopp til innhold

Dyr diesel gjev auka billettprisar

Den stadig dyrare dieselen fører til at Hedmark Trafikk vil auke billettprisane.

Dyr diesel
Foto: Bjørn Anders Sørli / NRK

Dersom dei ikkje aukar prisane er dei redd dei må kutte i busstilbodet.

10 millionar i ekstrautgifter

Bussane i Hedmark bruker omlag 3,6 millionar liter diesel i året. Den kraftige prisauka dei siste månadane betyr omlag 10 millionar kroner i ekstrautgifter for Hedmark Trafikk.

Dermed må noko gjerast.

Gunnar Jacobsen

Gunnar Jacobsen i Hedmark Trafikk ser seg tvinga til å auke prisane.

Foto: Bjørn Anders Sørli / NRK

- Vi har to moglegheiter. Anten må vi kutte ruter eller så må vi auke takstane, seier direktør i Hedmark Trafikk, Gunnar Jacobsen.

Han ser helst at dei går for den sistnemnte løysinga, og ser for seg at billettprisane kan bli auka med omlag 10 prosent.

- Paradoks

Gunnar Jacobsen innrømmer at det er eit paradoks at regjeringa ynskjer å få fleire til å bruke kollektivt, samtidig som dei må auke prisane for å få endane til å møtatst.

- Det er ein mismatch, og det må vi leve med. Men det er ingen tvil om at løyvingane frå sentrale hald burde vore auka, seier Gunnar Jacobsen.