- Det er ikkje til å leggje skjul på at Royal League er noko vi går for nå! Eg håpar og trur vi skal klare det, seier Ham-Kam- spelaren Espen Haug.
- Ja, det hadde vore sinnsjukt moro å vera med og møte dei beste svenske og danske laga, legg lagkamerat Espen Olsen til.
Etter seieren mot Lillestrøm sundag kveld veit Ham-Kam at spel i Royal League kan vera innan rekkjevidde. Royal League er den nye, store fotballsatsinga i Norden der dei fire beste laga i Norge, Sverige og Danmark møtest til serie og cup-spel.
Sportssjef Truls Håkonsen i Ham-Kam er positiv til Royal League-spel, men er ikkje sikker på om det er ei gullgruve.
Publikum viktig
Men det er mange praktiske omsyn for klubben å ta ved eit spel i Royal League. Økonomi, publikumsinteresse og baneforhold er sentrale stikkord.
Sportssjef Truls Håkonsen i Ham-Kam er positiv til deltaking i den nordiske fotballsatsinga, men er slett ikkje sikker på om dei blir ei gullgruve. Det kjem mykje an på publikumsoppslutnaden.
- Dersom det kjem 5000 tilskodarar betyr det 650 000 kroner i klubbkassa. Kjem det 1000, blir det mykje mindre. Og publikumsbiten er viktig å ha i botnen for økonomien i dette, seier Håkonsen.
Dyr oppvarming
Klubben får 250 000 kroner for ein seier, 125 000 dersom dei spelar uavgjort. Briskeby gressbane kan også by på økonomiske utfordringar.
Ham-Kam spelar i tippeligaen på dispensasjon frå Norges Fotballforbund. Dei same reglane gjeld i Royal League. På Briskeby nyttar dei varmekablar, noko som kan bli dyrt dersom dei skal ha straum på bana frå 1. november til uti mars.
- Det går fort ein million berre på oppvarming, seier Truls Håkonsen.
Marius Gullerud meiner Royal League-spel vil vera eit stort utstillingsvindauge for unge, framadstormande Ham-Kam- spelarar.
Utstillingsvindauge
Om klubben er spent på økonomien i det, så er Royal League utan tvil viktig for spelarane. Særleg for dei som vil vise seg fram internasjonalt.
- Ja det er eg overtydd om. Og det er artig om vi får vera med og måle oss mot dei beste nordiske laga, meiner Marius Gullerud. Royal League er eit stort utstillingsvindauge for unge, framadstormande spelarar i Ham-Kam.
Og Espen Haug er ikkje i tvil om kven ønskjemotstandaren er:
- Det må bli FC Købehavn, trenar Ståle Solbakken sin gamle klubb!
Tida vil vise om det verkeleg blir Royal League- spel på Ham-Kam.