Dronninga åtvarar mot hyttepalass

Dronninga utfordra kommune-Noreg til å ikkje la gigantiske hytter få overta fjellet. I dag besøkte kongeparet Vestre Slidre, som ho meiner er flinke på nettopp dette.

– Det kan ikkje vere slik at hytteutbygginga skal styre utviklinga. Det må vere ei balanse mellom utbygging og bevaring av naturen, sa dronninga i si tale på Vasetstølen.

Dronninga er kjent for å vere svært glad i naturen, og nytta også høvet til å skryte av dei flotte omgjevnadene rundt stølen i Vestre Slidre. Samtidig åtvara ho kraftig mot at store hytteslott skal få ta over fjellet.

– Det er naturen som må regjere og vi må innrette oss. Også dei komande generasjonar fortener å kunne nyte den same livskvaliteten, sa dronning Sonja.

– Tenkjer på dronning Sonja

Ordførar Eivind Brenna (V) fortalte at nettopp dronning Sonja er eit førebilete for han når det gjeld estetikk.

– Dronninga er oppteke av alt som er fint. Når vi behandler byggesaker i fjellet så hendar det at eg spør meg sjølv "kva ville dronning Sonja ha tenkt?", sa ordføraren.

Han understreka at fjellet er viktig for Vestre Slidre og resten av Valdres-regionen, og at det derfor er viktig at dei forvaltar det godt.

Berre i Hedmark og Oppland er det nå 600 hytter til sals på finn.no. 30 av desse er over 200 kvadratmeter, og av desse er ti over 300 kvadratmeter.

Sjå video frå kongeparet sitt besøk på Vasetstølen i Vestre Slidre:

Video KONGEN-VASET-web_OP.mp4

Kongen held fram sitt besøk i Vang tysdag ettermiddag, før kongebesøket i Valdres blir avslutta i Sør-Aurdal onsdag.