Hopp til innhold

Drapsetterforsking på Kongsvinger

Ein mann vart natt til søndag funnen død på Kongsvinger, og politiet har mistanke om at det er drap. Kripos har nå teknikarar på staden.

Lars Erik Flem Andersen ble funnet drept på Langeland i Kongsvinger
Foto: Kurt Sivertsen / NRK

Den unge mannen vart funnen død utandørs i eit bustadområde ved Langeland. Det er skadane han er påført, saman med spor på åstaden, som gjer at politiet ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall.

Lars Erik Flem Andersen ble funnet drept på Langeland i Kongsvinger
Foto: Kurt Sivertsen / NRK

Det opplyser politiadvokat Iren Johnsen Dahl i Hedmark politidistrikt.

Hjelp frå Kripos

Politiet visste søndag formiddag ikkje kven den døde mannen er, og kunne heller ikkje seia noko om skadane han er påført.

Etterforskinga av dødsfallet er godt i gang, opplyser politiet. Dei har bedt om hjelp frå Kripos både til den tekniske og taktiske etterforskinga. Teknikarane er på plass på åstaden.

Politiet har førebels ingen teori om kven eventuelle gjerningspersonar er. Klokka 14 blir det halde pressekonferanse på Kongsvinger politistasjon, og politiet reknar da med å ha nye opplysningar. Innan den tid vil ikkje dei kommentere saka noko meir.

Politiet vart varsla om saka klokka 1.30 natt til søndag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere saker fra Innlandet