Av:
Tone Merete Tho
Ei kvinne vart frakta til Ullevål sjukehus med luftambulanse. Kvinna fekk moderate skader, og tilstanden er stabil, opplyser sjukehuset.
Ulykka skjedde like klokka 19.40, etter ein frontkollisjon mellom to personbilar like sør for Grua i Lunner kommune.
Årsaka til kollisjonen er ikkje kjent.