Tradisjonen tru har både aviser og folk i etermedia brukt stor kreativetet for å lure hedmarkingar og opplendingar.
Men publikum har også gjort sitt for å få sine lureri på trykk eller på lufta.
Ved NRK Hedmark og Oppland kom distriktsredaktør Inger Johanne Solli springande inn i redaksjonen i fyr og flamme. Ho hadde fått eit fantastisk tips som måtte følgjast opp.
Men ved nærare undersøkingar viste det seg at dette berre var ein 1. aprilspøk.
Dette tipset til redaksjonen vart også avslørt som juks og fanteri:
Fartsbøter sponsar idrett
Råkjørarane skal sponse idretten! Det kunne Oppland Arbeiderblad fortelja lesarane i dag.
- Ti prosent av fartsbota for dei som blir tatt i fotoboksane skal gå til lokale lag og foreiningar, fortel ein blid trafikkoordinator ved Vestoppland politidistrikt, Trond Kristoffersen.
I følgje avisa kunne Kristoffersen kontaktast på eit telefonnummer.
Han opplyser til NRK Hedmark og Oppland at han har fått mange telefonar i løpet av dagen, og fleire meinte at idéen slettes ikkje var dum. Men det var altså berre ein spøk.
Kongsvinger festning blir moské
Avisa Glåmdalen kunne fortelja at Kongsvinger festning blir stormoskè for Austlandet.
24. sepetember i år, dagen etter stormarkinga av unionsoppløysinga startar arbeidet med ombygginga.
Festningskommandant Helge Thomassen seier til avisa at festningen blir eit møtestad for muslimar frå heile Austlandet, og at dette passar godt inn i Forsvarets nye profil.
Lovlydige Lillehammer
På forsida til GD, Gudbrandsdølen Dagningen, viser ordførar og politimeister peikefinger.
De vil gjera Lillehammer til Norges mest lovlydige og minst forsøpla by. Våpenet deira mot vald og hærverk er døgnkontinuerleg TV-overvaking av dei mest trafikkerte plassane i sentrum.
Lengst sør i Oppland, på Hadeland skriv avisa med same namn at hadelendingane må betale piggdekkavgift frå 31. november i år.
Gummigutta i Brandbu vi slå eit slag for å redusere bruken av piggdekk, og gjev to kroner avslag per pigg dersom du leverer inn dine piggdekk i dag, men det er sjølvsagt berre tull...
Dyr fotballspelar i Ham-Kam
Skrur du korka av ein kartong kostar det deg 50 øre meir.
Med verknad frå i dag vil alle kartongar med skrukork altså bli dyrare, skriv Østlendingen.
Og for den fotballinteresserte fortel Hamar Arbeiderblad at HamKam-spelaren Oluwasegun Abiodun går til Vålerenga for 10,5 millionar kroner - ni dagar før seriestart.
Ham-Kam-trener Ståle Solbakken seier til avisa at dette er fortvilande, og altfor tidlig - og sjølvsagt er det spøk.
Mobil feittsuging var juks
Også NRK Hedmark og Oppland spøkte med lyttarane i dag tidleg, med eit nytt tilbod til overvektige.
Sjukehuset Innlandet lanserer nå mobil feittsuging til overvektige. To kirurgi-bussar skal frå i sommar tilby feittsuging til eit stadig aukande antal personar som slit med fedme.
Inntektene skal brukast til å sikre akutt-funksjonane ved alle sjukehusa i Hedmark og Oppland, seier Torbjørn Almlid som er administrerande direktør i Sjukehuset Innlandet og med på lureriet...