Hopp til innhold

Bygdefolk kjempar FOR rovdyr

Han er lei av at bygdefolk blir stempla som rovdyrhatarar. Lars Erik Lie danna derfor gruppa «Bygdefolk for rovdyr».

Bygdefolk for rovdyr

Folk i Trysil ynskjer å få fram at det også finst bygdefolk som er positive til rovdyr.

Foto: Facebook/faksimile

Dei siste månadane har rovdyrbygda Trysil vore på kokepunktet. Ein nærgåande ulveflokk har skremt mange i bygda Slettås, og det har vorte påstått at folk knapt tør å gå ut.

Derfor er det som å banne i kyrkja når Facebook-gruppa Bygdefolk for rovdyr har vorte oppretta i nettopp Trysil.

Eg fekk nokre ukvemsord på Facebook i starten, men det har ikkje kome nokon på døra her, for å seie det slik. Ein sa at eg skulle vore skoten, akkurat som ulven, men det ser eg på som tullprat.

Lars Erik Lie, initiativtakar til Facebook-gruppa Bygdefolk for rovdyr

– Debatten er opphausa

– Gruppa vart starta mykje på grunn av Slettås-debatten, og den opphausinga av ulvefrykta vi såg der. Nesten alle eg kjenner er for rovdyr, og det er ingen av oss som er livredde desse dyra. Ein blir litt småprovosert av at det ser ut som om alle på bygda er mot rovdyr.

Det seier Lars Erik Lie, som er ein av dei som har vore med og starta gruppa. Han tykkjer det er på tide at det kjem fram at det faktisk finst bygdefolk som ikkje har noko imot ulv og andre rovdyr. Så langt har i overkant av 2.500 meldt seg inn i gruppa.

– Eg har hatt meininga mi i alle år. Og den står eg for, utan at det bør bli for mykje oppstyr av det, seier Terje Bråthen, som er ein annan av medlemmane.

Media er einsidige

Når NRK møter Lars Erik Lie og Terje Bråthen har det nyleg vore fleire møte mellom rovdyr, beitedyr og folk i området. Ein bjørn vart nyleg skoten etter å ha vore innanfor det rovdyrsikre gjerdet i Flendalen. Det skal også ha vorte skote etter ein ulv som angreip ein saueflokk.

Lars Erik Lie er ikkje mot skyting dersom det er heilt nødvendig, men meiner at terskelen må bli høgare enn i dag.

Han meiner at media har mykje av skulda for at det har vorte skapt eit inntrykk av at alle på bygda ynskjer å bli kvitt rovdyra.

– Media er einsidige, og det skuldast at det er dei som skrik høgast som blir høyrt.

– Manglar kunnskap

Bygdefolk for rovdyr

Lars Erik Lie og Terje Bråthen meiner at bjørn og ulv svært sjeldan er farleg for folk.

Foto: Anne Næsheim/Nrk

Rovdyrforkjemparane frå Bygde-Noreg meiner at manglande kunnskap er hovudårsaka til at folk er redd for ulv og bjørn.

– Alle dyr kan vere farlege. Men viss ein skal ramse opp farlege dyr så må ein starte med myggen, det er den som tek flest liv i verda. Når det gjeld ulv så er det vel nesten ingen som blir drepe av den, og den skandinaviske brunbjørnen er ganske så fredeleg av seg, seier Lie.

Gruppa sel nå eigne klistremerke med bilete av ulv og bjørn i tillegg til påskrifta «Bygdefolk for rovdyr». Dei vurderer også å arrangere eigne treff for rovdyrtilhengarane. Dei er fullt klare over at dei er kontroversielle og at mange irriterar seg.

– Men vi blir nok ikkje kjeppjaga frå bygda, seier Lars Erik Lie og Terje Bråthen.

Flere saker fra Innlandet