Hopp til innhold

Blind vald, brannar og uro i påska

Fleire har vore utsett for blind vald i påska. Politiet har og fått melding om fleire brannar og ein del uro i samband med påskefeiringa.

Illustrasjonsfoto
Foto: Scanpix

Dei siste dagane har politiet fått inn rapportar om fleire hendingar i påska.

Mellom anna vart to raufossingar utsett for blind vald i Hønefoss, medan tre unggutar prøvde å tenne på eit heishus på Beitostølen.

Politiet har elles fått melding om uro og slåssing i byane og ved populære turistmål.

Blind og grov vald

To menn på 36 og 39 år frå Raufoss vart ved 03.30-tida 1. påskedag ofre for grov vald i Hønefoss.

Dei to vart angripne av tre eller fire yngre Hønefoss-menn.

Ein 20-åring er pågripen og mistenkt for overfallet, medan ein mann i byrjinga av 30-åra er avhøyrd og førebels mistenkt.

Ville tenne på heishus

Tre fulle gutar under 15 år som var fulle tente laurdag kveld på eit heishus på Beitostølen.

Lensmannsfolka på staden oppklarte saka raskt og dei tre vart teken hand om av foreldra.

Dei tre hadde mellom anna tømt to bensinkannar på huset for så å prøve å setje huset i brann.  

Vald mot politimann

Ein politimann og ein sivil mann vart natt til 1. påskedag angripen på ein fest på Bybrua ved Gjøvik.

Ein 25 år gamal mann hadde slege ned ein annan person slik at han låg medvitslaus.

Då politiet kom for å bistå den skadde, prøvde gjerningsmannen å ta politimannen og.

Mannen vil bli anmeldt for vald mot offentleg tenestemann og frå den skadde mannen.

Grasbrannar starta

Brannmannskap rykka ut til årets fyrste grasbrann i Fåvang søndag og i Røn måndag ettermiddag.

Brannane var komen ut av kontroll og difor måtte brannvakta hjelpe til.

Mange episoder

* Ved travbana på Frya i Ringebu vart det sundag funnen ein udetonert granat. Staden er sikra og granaten vil bli uskadeleggjort tysdag. 

* Flere kjenneteikn for bilar er dei siste dagane stole i Lillehammer. Ein mann meldte frå om at han oppdaga at han hadde to ulike kjenneteikn på bilen. Politiet seier dei ikkje veit kvifor kjenneteikna er stolne.

* Frå fleire utestadar er det meldt om bråk og slåssing. Men i dei fleste tilfella har det vore over når politiet har kome til staden.