Hopp til innhold

Birken-syklistar robba

Fleire av dei som skulle delta i Birkebeinerrittet i dag, må reise heim utan å gjennomføre. Syklane deira vart stolne i natt.

Birkebeinerdeltakarar som har vorte fråstolne sykkel

Uheldige ryttarar utan sykkel

Foto: Hallgrim Rogn / NRK

Mellom 20 og 25 syklar til ein verdi av rundt ein halv million kroner er stole frå to stader i Lillehammer-området i natt. Syklane skulle brukast i Birkebeinerrittet i dag.

Arrangørane har aldri opplevd noko liknande før, og har arbeidd for å hjelpe dei uheldige ryttarane. Det seier dagleg leiar i Birkebeinerrittet, Tone Lien.

Stolne frå låve

Arrangørane klarte å skaffe 4-5 syklar, men det var for få. Dei sa seg også villige til å arrangere eigen start, men ei gruppe frå Bryne har resignert. Det vart for langt å reise til Rena på den tida dei hadde til rådvelde.

Syklane er stole frå ryttarar som har overnatta på Bjerke gård ved Vingnes og Nermo hotell i Øyer.

- Da vi stod opp i dag tidleg, fann vi ikkje syklane.

Det seier ein av dei uheldige sykkelryttarane, Fritjov Helland frå Bryne. Syklane stod innelukka på ein låve, men da ryttarane skulle hente dei ut og stable dei på tilhengar, var dei borte.

- Vi ville nesten ikkje tru det, det gjekk ein times tid før det verkeleg gjekk opp for oss at syklane var borte, seier Helland.

Flere saker fra Innlandet