Rød Ungdom har fått 25.000 kroner i bot etter at dei la ut skulebøker gratis på Internett.
Men istaden for å betale bota ville ungdommane sone i fengsel. Men da dei troppa opp på politistasjonen i Lillehammer vart dei blankt avvist.
Markering
- Vi ville sitje eit døgn i fengsel som ei politisk markering, seier Maren Kurdøl i Lillehammer Rød Ungdom.
Det var i mai i fjor at ungdomsorganisasjonen vart dømt til å betale bot og erstatning etter at nokre av medlemmane i organisasjonen hadde lagt 13 skulebøker gratis ut på Internett.
Kan straffast
Rød Ungdom meinte at det ikkje går an å straffe ein organisasjon for ein aksjon som enkeltmedlemmar har stått for, noko dei ikkje fekk gehør for i Høgsterett.
Og da politiet stengte dørene såg ikkje Rød Ungdom nokon annan utveg enn å ha ein aldri så liten aksjon utanfor politistasjonen. Men plakatar med teksta "Vi vil i fengsel", førte ikkje fram.