Gjennom annonser i lokalavisa kan du bli lurt til å bestille billeg elektronikk.
Det hevdar dagleg leiar i Pioneer Norge, Hein Barthold.
- Kan bli rana
Eksklusive tv-skjermar til nesten 100.000 kroner blir annonser til ein fjerdedel av utsalspris, blant anna gjennom Gudbrandsdølen Dagningen.
Barthold fryktar at folk kan bli rana dersom dei prøver å kjøpe slike skjermar.
Plasmaskjerm.(Foto: Pioneer)
Skjermane er nemleg ikkje selt frå butikken, og heller ikkje stole.
Ein fryktar dermed at folk som møter opp på parkeringsplassar, eller andre stader dei får beskjed om, kan bli overfalt eller rana.
Politifyrstebetjent Jon Eeg, ved Stovner politistasjon i Oslo, åtvarar sterkt mot å gå på slike annonsar.
Redaktøren lei seg
Sjefredaktør i Gudbrandsdølen Dagningen, Kristian Skullerud, seier seg lei for at kriminelle brukar avisa i forsøk på å lure folk.
To gonger har kriminelle i Oslo avertert billige, eksklusive tv-skjermar i avisa.
Men Skullerud seier det er vanskeleg å hindre kriminelle i å annonsere.