Anne Stine Sletmoen frå Lillehammer er 100 prosent arbeidsufør, men trygdeetaten meiner likevel ho må gå på attføring for å få stønad.
Sletmoen har gått åtte månadar utan noko form for inntekt .
Kan ikkje arbeide
Ei regelendring gjer at mange trygdesøkarar har falt mellom to stolar, og gått utan stønad i månad etter månad.
Nye reglar seier at attføring må vera prøvd før ein kan bli erklært arbeidsufør. Dette er umogleg for Sletmoen og andre som allereie er 100 prosent arbeidsuføre.
Kompliserte reglar
Sletmoen lir blant anna av ein utmattingssjukdom kalt ME. Sjølv om legen hennar seier at ho må samle krefter, meiner saksbehandlaren i trygdeetaten at det er best å prøve enda meir attføring.
Problemet er at Aetat krever at ein må vera berre 50% arbeidsufør for å gå på attføring. Sletmoen er erklært 100% ufør av tre spesialistar og fastlegen.
- Det kjem snart eit nytt skriv for at ein skal unngå at Aetat seier personar er for sjuke for attføring, mens trygdekontoret stikk i strid hevdar dei same er friske nok til å jobbe, seier Ulf Holberg, assisterende fylkestrygdedirektør i Oppland.