AP får reint fleirtal i Vågå, og er langt over sine gamle høgder frå åttitalet; i 1983 hadde partiet 56.7% av stemmene, sida har det gått nedover til eit lavmål på vel 33% i 1991, før oppturen tok til att ved valet i 1995.
Øygard sjølv seier til NRK at han og AP har oppnådd det gode resultatet ved å føre god AP-politikk og god bygdapolitikk. - No skal vi bruke makta saman med alle som er opptatt av utvikling i Vågå, seier ordføraren.
Fylkesleiar Espen Johnsen meiner at Øygard har vore flink til å få til godt samarbeid i kommunen og til å skape entusiasme.
Senterpartiet mistar 11.9 prosentpoeng og endar med 15.8%. SV får 7, fram med 0.1. Bygdalista mistar 2.9 prosentpoeng, og endar med 11.7%.
Ap med reint bord
Oppland Arbeiderparti kan takke for støtten dei fekk frå veljarane ved fylkestingvalet.
Over halvparten av vagvèrene ga si røyst til Ap, med over 53 prosent av røystene.
Framstegspartiet er det partiet som hadde størst framgong i fylkespolitikken, ved sidan av Ap. 8,8 prosent stemde på Frp.
Fire parti måtte tole raude tal. Både RV, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre fekk færre røyster enn kva dei gjorde i 1999.