Anka er klar etter eit møte i går kveld. Avgjerda i saka vil få konsekvensar for heile landet.
(Illustrasjonsfoto)
124 tomtefestarar i Lillehammer vann i haust ei rettssak mot 47 grunneigarar, og dei fekk rett til å løyse inn tomtene dei bur på for 20 gonger den årlege festeavgifta.
- Hårreisande urimeleg
Grunneigarane sin advokat Karl Wahl-Larsen meiner dei har gode sjansar for å vinne fram i lagmannsretten.
- Resultatet frå tingretten var hårreisande urimeleg, og det var ikkje tatt nok omsyn til bevisføringa og argumentasjonen til grunneigarane, hevdar Wahl-Larsen.
50.000 blir rørt at dommen
Sekretær i Tomtefesterforbundet, Arild Ruus Simensen, seier at dette er ei svært prinsipiell sak.
- Det er slett ikkje berre Lillehammer dette gjeld, påpeikar Simensen.
- Det er ei juridisk svært vanskeleg sak, og avgjerda vil bli viktig for heile landet.
Simensen meiner det finns minst 50.000 tilfelle som vil bli rørt av same konklusjon.
- Stor forskjell
Saka har fått stor merksemd i fleire medier i haust. Både fordi dommen blir viktig for mange, og fordi det førte til sterke reaksjonar for tre-fire år sidan da festeavgiftene vart mangedobla.
Det er stor forskjell i storleiken på festeavgiftene. Alt i frå nokre hundre kroner, til fleire tusen, må tomtefestarane ut med årleg.