Hopp til innhold

Aia vart redda i siste liten

Skuleavslutning ende med redningsaksjon.

Aia attende hjå familien

Aia attende hjå familien etter den dramatisk opplevinga.

Foto: Privat

Femteklassa ved Lillemoen skule i Elverum fekk ei litt meir spanande skuleavslutning enn dei hadde rekna med. Dei sat og grilla og koste seg, da dei plutseleg såg ein hund som kom seglande midt på elva.

Ein redningsaksjon vart umiddelbart sett i gang.

Stri elv

Stein Wasa var ein av foreldra som var med på skuleavslutninga, og reagerte momentant da dei såg hunden som kava hjelpelaus i elva.

- Eg hadde liggjande ein båt i området, så vi bestemte oss for å prøve å få hunden opp, seier han.

Han fortel at dei fyrst prøvde å lyfte Aia opp i båten, men det ville ho ikkje vere med på. Derfor måtte dei ta eit tau rundt hovudet og beina og dra ho i land.

- Ho såg frykteleg sliten ut, så vi var redd for at ho ikkje skulle klare det, men det gjekk heldigvis bra, seier Wasa.

På land stod spente skuleungar og følgde med dramaet, og skuleavslutninga vart ikkje heilt som planlagt.

- Det gjekk jo bra, men det var ei spanande oppleving, seier redningsmann Stein Wasa.

- Aia har det bra

Det er Helge Berger som eig åtte år gamle Aia. Han fortel at han ikkje visste noko om dramaet som gjekk føre seg, med hans hund i hovudrolla.

- Eg visste ingenting før Stein ringte meg etterpå. Vi visste at ho var borte, så vi dreiv og leita etter ho, men eg drøymte ikkje om at ho var i elva.

Han fortel at Aia har det forholdsvis bra etter den ufriviljuge svømmeturen.

- Ho ligg her og slappar av nå, ho er nok litt sliten etter all dramatikken. Men ho har det bra altså, seier ein takknemleg hundeeigar, Helge Berger.

Flere saker fra Innlandet