Ein ny plan for psykisk helsearbeid i Gjøvik foreslår ei rekkje nyvinninger både for gamal og ung.
Blant anna blir det etablert ei avdeling ved sjukeheimen i Snertingdal for eldre menneske som har demens.
Det kan vera ei utfordring både for bebuarar og tilsette når folk blir sinte og aggressive. Derfor skal dei eldre på avdelinga få færre personar å halde seg til.
Demente skal få færre helsepersonar å halde seg til.(Ill.foto/NRK)
Lite miljø viktig
Avdelinga skal gje eit tilbod til heile kommunen, sjølv om det berre er fire plassar som er oppretta. Eli Linnerud trur likevel at det skal dekkje behovet i Gjøvik.
- Ja, ut frå dagens behov, trur vi det er nok. Det er viktig at pasientane får færre å halde seg til, for dei blir lett forvirra når dei har for stort miljø rundt seg, seier Linnerud.
Dei som blir plassert på avdelinga i Snertingdal, kan uansett ikkje vera ved dei vanlege sjuke- og gamleheimane.
Helsepersonell må tenkje annleis
For andre menneske med behov for noko å gjera i kvardagen, legg planen opp til eit dagtilbod på det såkalla Allhuset. Ved kvart omsorgsdistrikt i Gjøvik er det i dag pleiarar som blir trekt inn til dagsentret.
Brukarmedverknad er eit aktuelt stikkord. Det vil si at pasientar og brukarar av det psykiatriske tilbodet sjøl skal få vera med og si noko om kva dei bør fylle kvardagen med. Og det trur Linnerud vil gje resultat.
- Eg trur det vil føre til andre måtar å jobbe på. Det vil også utfordre oss som helsepersonell til å tenkje annleis i forhold til å ta utgangspunkt i brukaren sine eigenopplevde behov, seier Eli Linnerud.