Hopp til innhold

– Ta patent på hedmarksdialekten

Dialektar blir brukt meir og meir medvite i reklamebransjen for å skape stemning og samkjensle. Og nokre dialektar er meir populære enn andre - i alle fall om ein skal tru fjernsynsprogrammet Brille.

Bård Tufte Johansen og Thomas Giertsen

PATENTVERDIG: Hedmarksdialekten bllir brukt over alt og bør takast patent på, meiner komikar Bård Tufte Johansen, her saman med Thomas Giertsen i NRK-programmet Brille.

Foto: NRK

Komikar Bård Tufte Johansen går så langt som å seie at hedmarkingane bør ta patent på dialekten sin - for den blir brukt i alle reklamar!

Gustav Nilsen frå Kapp på Toten er stemma i syltetøyreklamen til Nora. Stand up-komikaren og skodespelaren merkar at totning-dialekten er populær:

– Eg får fleire og fleire jobbar. Folk er nok veldig glad i dialektar, spesielt dei som har vore mykje i reklamar dei siste åra.

P1s Onkel Børre - Gustav Nilsen

STOLT AV DIALEKTEN SIN: Skodespelar Gustav Nilsen håper at han er ein god ambassadør for hedmarksdialekten.

Foto: Jan Henrik Mo / NRK

– Koseleg dialekt

Nilsen trur at mange tenkjer på Alf Prøysen og Snekker Andersen og andre som blir rekna som veldig koselege når dei høyrer dialekten hans.

– Når eg seier at eg skal heim til Toten til jul, seier alle: «Å, det høyrest koseleg ut!»

Og folk er stolte av dialekten sin, merkar Nilsen:

– Folk som Vazelina Bilopphøggers har vore gode ambassadørar for dialekten, og har nok vore med på å gjere min generasjon stolte av måten dei snakkar på.

Han håpar at han sjølv, ved å snakke breitt, på sikt kan vere med på det same:

– Det er eit lite mål.

– «Feel good»

Eit av reklamebyråa som brukar hedmark- og totning-dialekten medvite, er Try.

Lars Joachim Grimstad er opphavleg frå Gjøvik og tekstforfattar i byrået.

– Ein reklame er relativt kort, difor må ein ofte nytte seg av stereotypane og klisjeane, seier han, og legg til at hedmarksdialekten typisk vert brukt i ein «feel good»-film:

– Det er eit eller anna som er litt ufarleg med totning- eller hedmarksdialekt.

– Oppland er ingenting

I fylket Oppland er det derimot ikkje så mange ting å skryte av, skal ein tru deltakarane i Brille.

På spørsmål frå Harald Eia om kva som er hennar første assosiasjon når ho høyrer Oppland, svarer Pernille Sørensen:

– Ingenting!

Video BRILLE-HUMOR OM OPPLAND

– Einsidig bilete

Gro Lundby

MYKJE Å BY PÅ: Fylkesordførar i Oppland Gro Lundby treng minst ein time for å ramse opp alt fylket har å by på.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Fylkesordførar i Oppland Gro Lundby (Ap) svarer på tiltale:

– Vi får jo ta det alvorleg. Men i beste fall så er dette her eit einsidig bilete.

For Oppland har mykje å by på, meiner Lundby som legg til at ho treng minst ein time for å ramse opp alt fylket har å by på:

– Vi har mange merkevarer som står for seg sjølve, som Valdres, Lillehammer og Hadeland. Gjøvik-regionen er ein av dei som er mest innovative i heile landet, seier Lundby.

Oppland er likevel i «oljeskuggen» og har lågt utdanningsnivå.

Lundby meiner dette er ting ein bør ta tak i:

– Det skal vere kult å ta høg utdanning i Oppland, og vi må få fleire høgt utdanna til å busetje seg i fylket.

Flere saker fra Innlandet