NRK Meny
Normal

– «Kulturhjerte» har endra liva våre

LILLEHAMMER/NRK: Familien Haile kjente ingen i Lillehammer då dei kom til byen for eit knapt år sidan. No har alt endra seg, takka vere eit kulturprosjekt.

Khonet Haile syng i Kulturjhjerte

SONGSTJERNE: Sju år gamle Khonet Haile på scena under prøvane til «Kulturhjerte».

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg er så glad for at Vivian fann oss, seier eritreiske Ruta Haile.

Saman med ektemannen Haile Abraha og tre born kom ho til Lillehammer i august i fjor. Møtet med dølabyen blei tøft for familien, som ikkje hadde eit einaste kontaktpunkt:

Ruta Haile

SAKNAR HEIMLANDET: Ruta Haile var sjølvstendig næringsdrivande, og levde eit priviligert liv i Asmara, hovudstaden i heimlandet Eritrea.

Foto: arne sørenes / nrk

– Vi hadde ingen familie, ingen venner. Vi kjente ingen her, seier Ruta.

«Kulturhjerte» som møteplass

Vivian Haverstadløkken er ein av initiativtakarane bak «Kulturhjerte»; eit prosjekt der barn og unge frå ulike land jobbar saman gjennom eit heilt skuleår for å skape ei forestilling med inspirasjon frå heile verda.

Haverstadløkken følte at byen mangla gode møteplassar for nye lillehamringar og folk som alt bur i byen. Saman med gode vener, alle aktive i kulturlivet, utvikla ho ideen bak «Kulturhjerte».

– Målet vårt er å få dei nye som kjem til Lillehammer til å føle seg velkomne, seier Haverstadløkken. Eg håpar at dei som er med på «Kulturhjerte» tenkjer at dei var nettopp det, når dei om ti år ser tilbake på denne tida.

Vivian og Ruta

GODE VENER: Vivian Haverstadløkken er produsent for «Kulturhjerte», der alle dei tre borna i familien Haile er med. Vivian og Ruta er blitt gode vener, og dei to familiane har m.a feira jul saman.

Foto: arne sørenes / nrk

Kultur som integrering

For et år sidan oppfordra kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) til det ho kalla ein «nasjonal dugnad»for betre integrering.

Les her: Kulturministeren om integrering

Og frå 1. januar i år har Kulturrådet fått i oppdrag å leie eit nordisk prosjekt som skal omhandle «Kulturens og frivillighetens rolle i integrering og inkludering».

Vivian Haverstadløkken, som også sit i kommunestyret i Lillehammer for Arbeidarpartiet, meiner at å skape gode møteplassar er heilt avgjerande dersom ein skal lukkast med kvardagsintegreringa. For sjølv om «Kulturhjerte» hovudsakleg er for barn og unge, har det vore viktig å involvere også foreldra. Til å bidra med alt frå kostymesying til å lære bort songar dei kan bruke i forestillinga. Over tid har dei nye jobba saman med folk som har vore i Lilliehammer i generasjonar, og slik har dei blitt betre kjente med kvarandre.

– Kunst og kultur er snart den einaste arenaen som gjev tid og rom til å bli skikkeleg kjent, seier Haverstadløkken. Og ved å strekkje prosjektet over ein lang periode, så er det mogleg å få folk til å delta og å føle at dei høyrer til.

For Ruta og famililien Haile, som måtte flykte frå eit priviligert liv i Eritrea på grunn av ei regimekritisk bok forfattarektemannen skreiv, har livet endra seg etter at dei blei med på «Kulturhjerte».

– Livet kjennest annleis enn tidlegare, seier Ruta. Før var det så stille her. No er huset vårt fylt av song, og av ungar som gler seg til å gå på øving og møte alle dei nye venene dei har fått!

Kulturministeren har tatt til orde for meir bruk av kultur i integreringsarbeidet. På Lillehammer har ei gruppe frivillige tatt ministeren på alvor.

SNART PREMIERE: «Kulturhjerte» har premiere fredag den 9. juni i Kulturhuset Banken. Sjå tv-sak om prosjektet her. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Elverum i poengnød

    Elverum fotball kjemper for å unngå nedrykk til 2. divisjon. Med tre kamper igjen å spille ligger laget under streken. Søndag klokka 13 møter de Sandnes Ulf hjemme, og keeper Fredrik Tervaniemi håper han kan stenge buret og sikre tre viktige poeng.

    Keeper Fredrik Tervaniemi strekker ut armene sine foran et fotballmål.
    Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK
  • Tatt med promille

    En mann i 40-åra ble natt til søndag stoppet av politiet på Venabygdsfjellet i Ringebu. Politiet mistenker at mannen har kjørt bil i beruset tilstand.

  • Svingte unna rev, kjørte i grøfta

    En fører av en personbil er kjørt til sykehuset i Gjøvik etter å ha kjørt i grøfta på fylkesvei 186 ved Nord-Torpa. Hendelsen skjedde rundt klokka 04.25 søndag morgen, og føreren skal ha svingt unna en rev og så kjørt av veien.