Hopp til innhold

Milliondryss over Valdres

Valdres får seks millionar kroner i statleg stønad til etableringa av Valdres natur- og kulturpark. I dag kjem landbruksministeren for å opne parken.

Landbruksminister Terje Riis-Johansen
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Det er kommunal- og landbruksdepartementa som betalar dei statlege bidraga. Departementa har hatt fleire møte med ordførarane i Valdres, fortel landbruksminister Terje Riis-Johansen. Bakgrunnen for engasjementet er det arbeidet som blir gjort lokalt for å utvikle regionen, seier han.

- Dette er viktig arbeid, og både Åslaug Haga og eg er einige om å gje pengar for å utvikle Valdres vidare.

 

Smittande engasjement

Valdres natur- og kulturpark blir kalla marknadsføring av lokale natur- og kulturverdiar. Formålet er å auke verdiskapinga og hindre fråflytting frå Valdres.

Riis-Johansen trur ikkje enkelttiltak kan snu befolkningsutviklinga. Men han trur at den optimismen og engasjementet som nå kjem til uttrykk i Valdres, også vil smitte over på yngre menneske.

Tysdag kjem landbruksministeren til Fagernes for å opne parken.