Stor stemning på konsert med Vassendgutane (foto: Rune Støstad/NRK)
- 14 000 på ein countryfestival på Vinstra er meget bra. Det var riktig nok litt under det besøkstalet vi hadde håpa med blant andre Dwight Yoakam på plakaten, men i det store og heile er vi godt nøgd.
Det seier dagleg leiar av countryfestivalen på Vinstra, Trond Grøthe.
Lite bråk
- Kva har færre besøkande å si for økonomien i festivalen?
- Vi går i pluss, men resultatet kunne vore betre dersom vi hadde hatt 250 vogner til på festivalcampingen, seier Grøthe.
Sett bort frå lågare besøkstal enn venta er Grøthe godt nøgd med årets countryfestival. Det har i følgje politiet vore relativt lite bråk. Ein festivalgjest vart sendt til arresten på Lillehammer, etter at han skal ha slått ein politimann i magen.
Ein annan festivaldeltakar måtte få behandling på legekontoret på Vinstra etter å ha kome i klammeri med andre festdeltakarar.
- Sklidd på skinner
- Ellers har alt sklidd på skinner, seier Trond Grøthe.
Mellom 300 og 400 frivillige har vore med på å gjera festivalen mogleg. I år var det også oppretta ein eigen vaktsentral som heldt styr på sanitet, orden og tryggleik.
- Det fungerte godt, så det har vore ein fryd å jobbe slik sett i helga, fortel Grøthe.