Det gjekk ikkje så bra for dei norske deltakarane i verdscuprennet i Kvitfjell i helga. Men arrangøren var like blid.
- Det har vore to strålande dagar. Vi har hatt sportsleg fine forhold, været har spelt på lag og ikkje minst har vi hatt fantastisk publikumsoppslutnad med 12000 besøkande, seier leiar for verdscuprennet i Kvitfjell, Svein Mundal.
Ikkje renn i 2006
Det internasjonale skiforbundet, FIS, har gjeve gode attendemeldingar til arrangøren. Faktisk er dei så godt tilfreds at Kvitfjell nesten har i boks eit nytt verdscuprenn i 2007.
Rennleiar Ingar Botten meiner det er viktig, også for rekrutteringa, at Norge har verdscuprenn som det i Kvitfjell.
Eit skår i gleda for arrangøren er at dei ikkje får eit slik renn neste år.
- Vi har jobba for at verdscuprennet i Kvitfjell skal bli ein klassikar. Nå må vi bryte eit år, og det er litt trist, seier Mundal.
Viktig for rekrutteringa
- Det er viktig at Norge har slike verdscuprenn som det i Kvitfjell, meiner rennleiar Ingar Botten.
Ikkje minst meiner han det er svært bra for rekrutteringa til alpinsporten.
Dei næraste dagane skal ungdom frå 15 år kjøre i Kvitfjell med fullt tryggleiksopplegg som i verdenscuprenna.