NRK Meny
Normal

101-åring på Krf-liste i Valdres

NORD-AURDAL (NRK): Nils T. Døvre er fødd i 1914, men det hindrar han ikkje frå å stille som kandidat ved kommunevalet i haust, 101-år seinare.

101-åring stiller til val i Valdres

VETERAN: 101 år gamle Nils T. Døvre står på Krf-lista i Nord-Aurdal ved kommunevalet i september.

Foto: Kristina Skamsar / nrk

Han er den eldste i landet som står på liste framfor kommunevalet i september. Frå midten av 1950-talet var han varamann i heradstyret i Nord-Aurdal, men frå 1963 møtte han som fast representant for Kristeleg Folkeparti.

1963 var forøvrig same året som Einar Gerhardsen måtte gå av som statsminister etter Kings Bay-ulykka på Svalbard.

Tidlegare ordførar

Døvre vart ordførar i 1972, samstundes som nordmenn første gong sa nei til medlemskap i EF. I ti år regjerte han i Nord-Aurdal, før han gjekk av i 1981 - året då ei ung Gro Harlem Brundtland brått vart statsmininster i Noreg.

Framleis har han sterke meiningar om alt frå kommunesamanslåing til alkoholpolitikk, men i år reknar han seg som listefyll der han står på 14. plass på lista til Krf i Nord-Aurdal:

– Dei måtte ha så mange på lista for å bli godkjent då, veit du.

Trur ikkje han blir vald

I følgje Kommunal Rapport er det 24 personar over 90 år som står på vallistene i år, mot 19 i 2011. Haugesund, Asker, Nærøy, Oslo og Drammen er mellom dei 24 kommunane landet rundt som har godt vaksne kandidatar på listene sine.

Hjemme hos Nils T. Døvre, 101 år, kandidat til kommunestyret for KrF. Samtale med Magnus Nilsen, AP, foran huset sitt.

ENGASJERT: Sjå videoen frå møtet mellom den eldste og den yngste som står på valliste i Nord-Aurdal.

Men den eldste politikaren i landet har inga tru på at folket i Nord-Aurdal vil stemme han inn i kommunestyret denne gongen:

– Viss folk brukar hovudet, så er den moglegheiten lik null. Dei kan ikkje hive inn ein sekk med gamle bein, veit du. Dei må jo ha levande folk der.

Krf har ingen representant i kommunestyret i Nord-Aurdal i dag.